10 Josva sa: «Av dette skal de skjøna at den levande Gud er midt iblant dykk, og at han for dykkar skuld vil ta landet frå kanaanearane og hetittane, hevittane, perisittane, girgasjittane, amorittane og jebusittane:
11 Paktkista til han som er herre over heile jorda, skal gå føre dykk over Jordan.
12 Vel no ut tolv menn frå stammane i Israel, ein frå kvar stamme.
13 Når prestane som ber kista for Herren, som er herre over heile jorda, set føtene ned i vatnet i Jordan, då skal vatnet i elva renna bort, og det som strøymer til ovanfrå, skal stå som ein voll.»
14 Folket braut opp frå telta sine for å gå over Jordan, og prestane som bar paktkista, gjekk føre folket.
15 Jordan fløymer over sine bredder i heile innhaustingstida. Men då prestane som bar kista, kom fram til Jordan og braut vassflata med føtene,
16 stansa vatnet som strøymde til ovanfrå, og reiste seg som ein voll oppe ved Adam, den byen som ligg i nærleiken av Saretan, medan det vatnet som rann ned i Araba-sjøen, som blir kalla Saltsjøen, vart heilt borte. Folket kryssa elva rett imot Jeriko.