18 Pass dykk for det som er bannlyst, så de ikkje blir freista til å ta av det. For då blir Israels leir òg bannlyst, og de fører ulukke over han.
19 Alt sølv og gull og alle ting av kopar og jern skal gjerast heilagt for Herren og koma i Herrens skattkammer.»
20 Folket ropa medan prestane bles i bukkehorna. Med det same folket høyrde lyden frå horna, sette dei i eit høgt rop. Muren rasa saman, og kvar og ein gjekk rett inn i byen. Så tok dei byen.
21 Alt som var i byen, både menn og kvinner, unge og gamle, storfe, småfe og esel, slo dei med bann og hogg ned med sverd.
22 Til dei to mennene som hadde spionert i landet, sa Josva: «Gå inn i huset til den prostituerte kvinna. Før henne ut saman med alle som høyrer henne til, slik de med eid har lova henne.»
23 Då gjekk dei unge spionane og henta ut Rahab og far og mor hennar og brørne og alle som høyrde henne til. Alle slektningane hennar førte dei ut og lét dei få slå seg ned utanfor leiren til Israel.
24 Men byen og alt som var i han, brende dei opp. Berre sølvet og gullet og tinga av kopar og jern la dei i skattkammeret i Herrens hus.