6 Josva, son til Nun, kalla prestane til seg og sa: «Lyft opp paktkista. Sju prestar skal bera sju bukkehorn føre Herrens kiste.»
7 Til folket sa han: «Gå rundt byen! Krigarane skal gå føre Herrens kiste.»
8 Då Josva hadde tala til folket, gjekk dei sju prestane som bar dei sju bukkehorna, framfor Herren og bles i horna, medan Herrens paktkiste følgde etter dei.
9 Krigarane gjekk føre prestane som bles i horna, og baktroppen følgde etter kista. Dei gjekk, og horna ljoma.
10 Josva hadde bode folket: «Rop ikkje krigsrop, gjev ikkje lyd frå dykk og la ikkje eit ord koma frå munnen dykkar før den dagen eg seier at de skal ropa! Då skal de gjera det.»
11 Så lét han Herrens paktkiste bli ført éin gong rundt byen. Sidan gjekk dei tilbake til leiren og overnatta der.
12 Neste morgon stod Josva tidleg opp, og prestane lyfte opp Herrens kiste.