11 Israel har synda! Dei har brote den pakta eg baud dei å halda, dei har teke av det bannlyste godset, dei har stole det og gøymt det bort innimellom sine eigne ting.
12 Difor kan ikkje israelittane stå seg mot fiendane. Dei må snu ryggen til dei og rømma fordi dei sjølve har vorte slegne med bann. Eg vil ikkje vera med dykk dersom de ikkje øydelegg det bannlyste godset som finst hos dykk.
13 Reis deg og gjer folket reint og heilagt! Du skal seia: Helga dykk til i morgon! For så seier Herren, Israels Gud: Du har bannlyst gods hos deg, Israel. Du kan ikkje stå deg mot fiendane før de har kvitta dykk med det bannlyste godset.
14 I morgon tidleg skal de stiga fram, stamme for stamme. Den stammen som Herren tek ut, skal stiga fram, slekt for slekt. Den slekta som Herren tek ut, skal stiga fram, familie for familie. Og den familien Herren tek ut, skal stiga fram, mann for mann.
15 Den som blir teken med bannlyst gods, skal brennast med eld, han og alt som høyrer han til. For han har brote Herrens pakt og gjort ei skammeleg gjerning i Israel.»
16 Neste morgon stod Josva tidleg opp og lét Israel stiga fram, stamme for stamme. Og Juda-stammen vart teken ut.
17 Han lét då slektene i Juda stiga fram, og Serah-slekta vart teken ut. Så lét han Serah-slekta stiga fram, familie for familie, og Sabdis familie vart teken ut.