21 Blant hærfanget såg eg ei dyr kappe frå Sjinar, to hundre sjekel sølv og ein gullbarre på femti sjekel. Eg fekk lyst på dette og tok det. No ligg det gøymt i jorda under teltet mitt; sølvet ligg underst.»
22 Då sende Josva nokre menn av stad, og dei sprang bort til teltet. Byttet var gøymt i teltet, og sølvet låg underst.
23 Dei tok det med seg frå teltet og bar det til Josva og alle israelittane og tømde det ut framfor Herrens andlet.
24 Josva og heile Israel tok Akan, Serahs son, saman med sølvet, kappa og gullbarren, med søner og døtrer, storfe, esel og småfe, teltet og alt han eigde, og dei førte det opp til Akor-dalen.
25 Og Josva sa: «For ei ulukke du har ført over oss! I dag skal Herren føra ulukke over deg.» Og heile Israel steina han. Dei brende og steina alt og alle.
26 Så kasta dei opp ei stor steinrøys over han, og ho ligg der den dag i dag. Då vende Herren om frå sin brennande vreide.Difor blir denne staden kalla Akor-dalen den dag i dag.