7 Og Josva sa: «Å, Gud, min Herre! Kvifor førte du dette folket over Jordan? Var det for å gje oss over i hendene på amorittane og utsletta oss? Gjev vi hadde vorte verande på den andre sida av Jordan!
8 Høyr meg, Herre! Kva skal eg seia no når Israel har måtta snu ryggen til fienden og rømma?
9 Når kanaanearane og alle dei andre som bur her i landet, får høyra om dette, kjem dei til å omringa oss og utsletta namna våre frå jorda. Kva vil du då gjera for ditt store namn?»
10 Då sa Herren til Josva: «Reis deg opp! Kvifor ligg du slik med andletet mot jorda?
11 Israel har synda! Dei har brote den pakta eg baud dei å halda, dei har teke av det bannlyste godset, dei har stole det og gøymt det bort innimellom sine eigne ting.
12 Difor kan ikkje israelittane stå seg mot fiendane. Dei må snu ryggen til dei og rømma fordi dei sjølve har vorte slegne med bann. Eg vil ikkje vera med dykk dersom de ikkje øydelegg det bannlyste godset som finst hos dykk.
13 Reis deg og gjer folket reint og heilagt! Du skal seia: Helga dykk til i morgon! For så seier Herren, Israels Gud: Du har bannlyst gods hos deg, Israel. Du kan ikkje stå deg mot fiendane før de har kvitta dykk med det bannlyste godset.