12 Så tok Josva om lag fem tusen mann og la dei i bakhald vest for Ai, mellom Betel og Ai.
13 Hæren stilte seg opp med ei avdeling nord for byen og ei i bakhald vest for byen. Den natta gjekk Josva ned i dalen.
14 Då kongen i Ai såg dette, rykte mennene i byen raskt ut for å møta israelittane i strid tidleg om morgonen. Kongen og heile hæren hans drog ut til samlingsplassen rett imot Araba-sletta. Han visste ikkje at det låg folk i bakhald på den andre sida av byen.
15 Josva og heile Israel lét som om dei vart slegne, og rømde føre dei mot ørkenen.
16 Alt mannskapet i byen var kalla ut for å forfølgja dei. Dei sette etter Josva og vart lokka bort frå byen.
17 Ikkje éin mann vart att i Ai; alle drog ut etter israelittane. Dei lét byen liggja open og forfølgde Israel.
18 Då sa Herren til Josva: «Rett sabelen du har i handa, ut mot Ai! For no gjev eg byen i dine hender.» Josva rette sabelen han hadde i handa, ut mot byen.