15 Josva og heile Israel lét som om dei vart slegne, og rømde føre dei mot ørkenen.
16 Alt mannskapet i byen var kalla ut for å forfølgja dei. Dei sette etter Josva og vart lokka bort frå byen.
17 Ikkje éin mann vart att i Ai; alle drog ut etter israelittane. Dei lét byen liggja open og forfølgde Israel.
18 Då sa Herren til Josva: «Rett sabelen du har i handa, ut mot Ai! For no gjev eg byen i dine hender.» Josva rette sabelen han hadde i handa, ut mot byen.
19 I det same han rette handa ut, kom dei raskt fram frå gøymestaden sin, dei som låg i bakhald, og storma inn i byen. Dei tok byen og sette han straks i brann.
20 Då mennene frå Ai snudde seg, fekk dei sjå røyken frå byen stiga opp mot himmelen. Men dei hadde ingen stad å rømma, korkje hit eller dit, for hæren som hadde rømt ut i ørkenen, vende seg no mot forfølgjarane.
21 Då Josva og alle israelittane såg at dei som låg i bakhald, hadde teke byen, og at det steig røyk opp frå han, snudde dei og gjekk til åtak på mennene frå Ai.