24 Då israelittane hadde drepe alle innbyggjarane i Ai ute på sletta i ørkenen, dit dei hadde følgt etter dei, og alle som ein hadde falle for sverd, vende israelittane attende til Ai og hogg ned dei som var att der.
25 Den dagen fall det i alt tolv tusen, både menn og kvinner, alle som budde i Ai.
26 Josva tok ikkje til seg den utstrekte handa med sabelen før han hadde slege alle innbyggjarane i Ai med bann.
27 Men feet og det dei hadde plyndra til seg i byen, tok israelittane med som hærfang, slik Herren hadde bode Josva.
28 Josva brende Ai og lét han liggja som ein ruinhaug for alle tider, ein aud stad slik han er den dag i dag.
29 Kongen i Ai hengde han opp på ein trepåle og lét han hanga der til kvelds. Då sola gladde, baud Josva dei å ta liket ned frå trepålen. Dei slengde liket midt framfor byporten, og over liket la dei opp ei stor steinrøys, som ligg der den dag i dag.
30 På den tid bygde Josva eit altar for Herren, Israels Gud, på Ebal-fjellet,