4 Dette baud han dei å gjera: «Legg dykk i bakhald på den andre sida av byen, ikkje langt ifrå han, og hald dykk budde, alle saman.
5 Så skal eg og alt folket som er med meg, nærma oss byen. Når dei rykkjer ut mot oss, slik dei gjorde første gongen, skal vi rømma for dei.
6 Då vil dei koma etter oss slik at vi får lokka dei bort frå byen. For dei tenkjer vel at vi rømmer for dei slik som vi gjorde første gongen. Og medan vi rømmer,
7 skal de koma fram frå bakhaldet og ta byen. Herren dykkar Gud vil overgje han i dykkar hender.
8 Når de har teke byen, skal de setja han i brann. Gjer som Herren har sagt. Sjå, dette byd eg dykk.»
9 Så sende Josva dei av stad, og dei gjekk og la seg i bakhald vest for Ai, mellom Betel og Ai. Den natta var Josva saman med hæren.
10 Neste morgon stod Josva tidleg opp og mønstra hæren. Så fór han og dei eldste i Israel i brodden for hæren opp mot Ai.