6 Då vil dei koma etter oss slik at vi får lokka dei bort frå byen. For dei tenkjer vel at vi rømmer for dei slik som vi gjorde første gongen. Og medan vi rømmer,
7 skal de koma fram frå bakhaldet og ta byen. Herren dykkar Gud vil overgje han i dykkar hender.
8 Når de har teke byen, skal de setja han i brann. Gjer som Herren har sagt. Sjå, dette byd eg dykk.»
9 Så sende Josva dei av stad, og dei gjekk og la seg i bakhald vest for Ai, mellom Betel og Ai. Den natta var Josva saman med hæren.
10 Neste morgon stod Josva tidleg opp og mønstra hæren. Så fór han og dei eldste i Israel i brodden for hæren opp mot Ai.
11 Heile hæren som var med han, rykte fram til dei kom så nær at dei hadde byen rett framfor seg. Dei slo leir nord for Ai, med ein dal mellom seg og byen.
12 Så tok Josva om lag fem tusen mann og la dei i bakhald vest for Ai, mellom Betel og Ai.