8 Når de har teke byen, skal de setja han i brann. Gjer som Herren har sagt. Sjå, dette byd eg dykk.»
9 Så sende Josva dei av stad, og dei gjekk og la seg i bakhald vest for Ai, mellom Betel og Ai. Den natta var Josva saman med hæren.
10 Neste morgon stod Josva tidleg opp og mønstra hæren. Så fór han og dei eldste i Israel i brodden for hæren opp mot Ai.
11 Heile hæren som var med han, rykte fram til dei kom så nær at dei hadde byen rett framfor seg. Dei slo leir nord for Ai, med ein dal mellom seg og byen.
12 Så tok Josva om lag fem tusen mann og la dei i bakhald vest for Ai, mellom Betel og Ai.
13 Hæren stilte seg opp med ei avdeling nord for byen og ei i bakhald vest for byen. Den natta gjekk Josva ned i dalen.
14 Då kongen i Ai såg dette, rykte mennene i byen raskt ut for å møta israelittane i strid tidleg om morgonen. Kongen og heile hæren hans drog ut til samlingsplassen rett imot Araba-sletta. Han visste ikkje at det låg folk i bakhald på den andre sida av byen.