1 Då alle kongane som budde vestafor Jordan, i fjellandet, i låglandet og langsmed heile kysten av Storhavet opp mot Libanon, hetittane, amorittane, kanaanearane, perisittane, hevittane og jebusittane, fekk høyra kva som hadde hendt,
2 slo dei seg saman for å kjempa mot Josva og israelittane, alle som ein.
3 Men då innbyggjarane i Gibeon høyrde kva Josva hadde gjort med Jeriko og Ai,
4 greip dei til list dei òg. Dei gjekk av stad for å proviantera, og på esla sine la dei utslitne kløvsekker og lappa, sprokne og utslitne vinsekker.