14 Mennene tok og smaka på nista deira, men dei spurde ikkje Herren til råds.
15 Josva slutta fred og gjorde ei pakt med dei om at dei skulle få leva, og leiarane i forsamlinga stadfeste dette med eid.
16 Tre dagar etter at israelittane hadde gjort pakt med dei, fekk dei høyra at dei var grannar og budde midt iblant dei.
17 Israelittane braut då opp, og den tredje dagen kom dei til byane deira. Byane var Gibeon, Kefira, Beerot og Kirjat-Jearim.
18 Men israelittane slo dei ikkje i hel, sidan leiarane i forsamlinga hadde svore ved Herren, Israels Gud. Då klaga heile forsamlinga til leiarane.
19 Men leiarane sa til forsamlinga: «Vi har svore ved Herren, Israels Gud, så no kan vi ikkje leggja hand på dei.
20 Men slik gjer vi med dei: Vi lèt dei få leva, så vi ikkje blir råka av vreide på grunn av eiden vi har svore.»