16 Tre dagar etter at israelittane hadde gjort pakt med dei, fekk dei høyra at dei var grannar og budde midt iblant dei.
17 Israelittane braut då opp, og den tredje dagen kom dei til byane deira. Byane var Gibeon, Kefira, Beerot og Kirjat-Jearim.
18 Men israelittane slo dei ikkje i hel, sidan leiarane i forsamlinga hadde svore ved Herren, Israels Gud. Då klaga heile forsamlinga til leiarane.
19 Men leiarane sa til forsamlinga: «Vi har svore ved Herren, Israels Gud, så no kan vi ikkje leggja hand på dei.
20 Men slik gjer vi med dei: Vi lèt dei få leva, så vi ikkje blir råka av vreide på grunn av eiden vi har svore.»
21 Leiarane sa: «Dei skal få leva.» Og dei vart vedhoggarar og vassberarar for heile forsamlinga, slik leiarane sa til dei.
22 Josva kalla mennene frå Gibeon til seg og sa til dei: «Kvifor narra de oss og sa at de bur langt borte når de bur iblant oss?