17 Israelittane braut då opp, og den tredje dagen kom dei til byane deira. Byane var Gibeon, Kefira, Beerot og Kirjat-Jearim.
18 Men israelittane slo dei ikkje i hel, sidan leiarane i forsamlinga hadde svore ved Herren, Israels Gud. Då klaga heile forsamlinga til leiarane.
19 Men leiarane sa til forsamlinga: «Vi har svore ved Herren, Israels Gud, så no kan vi ikkje leggja hand på dei.
20 Men slik gjer vi med dei: Vi lèt dei få leva, så vi ikkje blir råka av vreide på grunn av eiden vi har svore.»
21 Leiarane sa: «Dei skal få leva.» Og dei vart vedhoggarar og vassberarar for heile forsamlinga, slik leiarane sa til dei.
22 Josva kalla mennene frå Gibeon til seg og sa til dei: «Kvifor narra de oss og sa at de bur langt borte når de bur iblant oss?
23 No skal de vera forbanna! Ingen av dykk skal sleppa å vera slavar. De skal hogga ved og bera vatn til huset til min Gud.»