8 Dei sa til Josva: «Vi er tenarane dine.» Josva spurde: «Kven er de, og kvar kjem de frå?»
9 Hevittane svara: «Tenarane dine er komne frå eit land langt borte fordi det går ord om Herren din Gud. Vi har høyrt det som blir sagt om han, om alt det han gjorde i Egypt,
10 og alt det han gjorde med dei to amorittkongane på den andre sida av Jordan, Sihon, kongen i Hesjbon, og Basan-kongen Og, som budde i Asjtarot.
11 Difor sa dei eldste iblant oss og alle som bur i landet vårt: Ta med dykk niste på vegen, gå dei til møtes og sei til dei: Vi er tenarane dykkar. Gjer no ei pakt med oss!
12 Her er brødet vårt, som var varmt då vi tok det med heimanfrå den dagen vi drog av stad for å møta dykk. Men sjå no kor tørt og smuldra det har vorte!
13 Her er vinsekkene våre, som var nye då vi fylte dei. Men sjå, no er dei sprokne. Og her ser de kleda og skorne våre, utslitne etter den lange reisa.»
14 Mennene tok og smaka på nista deira, men dei spurde ikkje Herren til råds.