1 Ein bodskap. Herrens ord til Israel gjennom Malaki.
2 «Eg elskar dykk», seier Herren.Men de seier:«Korleis elskar du oss?»«Var ikkje Esau bror til Jakob?»seier Herren.«Eg elska Jakob,
3 men Esau hadde eg uvilje mot.Eg gjorde fjella hans til ei audn,eigedomen til ein ørken for sjakalar.»
4 Edom seier: «Vi er knuste,men byggjer ruinane opp att.»Men så seier Herren over hærskarane:«Dei byggjer opp, men eg riv ned.Dei skal kallast landet av urett,folket som Herren er harm på for alltid.»
5 De skal sjå det med eigne auge,og de skal seia: «Herren er stor,ut over Israels grenser.»