1 Sjå, dagen kjem,han brenn som ein omn.Alle frekke og alle som gjer urett,skal då vera som halm,dagen som kjem, skal brenna dei opp,seier Herren over hærskarane.Korkje rot eller grein blir att.
2 Men for dykk som fryktar for mitt namn,skal rettferdssola stå oppmed lækjedom under vengene sine.De skal sleppa ut og hoppa som kalvar.
3 Då skal de trakka ned dei urettferdige,dei skal vera støv under føtene dykkarden dagen eg grip inn,seier Herren over hærskarane.
4 Kom i hug lova eg gav Moses, tenaren min,på Horeb for heile Israel,med forskrifter og bod.
5 Sjå, eg sender profeten Elia til dykkfør Herrens dag kjem, den store og skremmande.
6 Han skal venda fedrehjarta til bornaog barnehjarta til fedrane,så eg ikkje skal koma og slå landet med bann.