11 Frå der sol står opp til der sol går ned,er mitt namn stort mellom folkeslaga.Alle stader blir det tent offereldog bore fram reine offer i mitt namn.For namnet mitt er stort mellom folkeslaga,seier Herren over hærskarane.
12 Men de vanhelgar detnår de seier at Herrens bord er uverdig,at maten på det er forakteleg frukt.
13 De seier: «For eit strev!»og blæs av det, seier Herren over hærskarane.De kjem med dyr som er røva,og med dyr som er halte eller sjuke,når de kjem med offer.Skulle eg setja pris på noko slikt frå dykkar hand? seier Herren.
14 Forbanna er den som fer med svik,som har eit hanndyr i buskapenog lovar å gje det til Herren,men i staden ofrar eit dyr som er skadd.For eg er ein stor konge,seier Herren over hærskarane,namnet mitt er frykta mellom folkeslaga.