11 Juda har bore seg trulaust åt,avskyelege ting har dei gjorti Israel og Jerusalem.For Juda har vanhelga Herrens heilagdom, som han elskar,og gift seg med dottera til ein framand gud.
12 Måtte Herren rydda ut frå Jakobs teltkvar mann som gjer slikt– kven det så måtte vera –og som ber fram offertil Herren over hærskarane.
13 Og dette er det andre de gjer:Med tårer dekkjer de Herrens altar,med gråt og sukkfordi han ikkje lenger vil sjå på gåvaeller ta imot offer frå dykkar hand med glede.
14 De seier: «Kvifor?»Fordi Herren er vitne i sakamellom deg og din ungdoms kvinne,som du er utru mot,din ektemake,di paktkvinne.
15 Er det ikkje éin som har skapt alt?Både kropp og ånd er hans.Og kva søkjer denne eine?Ei guddomleg slekt.Så vakta vel dykkar ånd!Ver ikkje utru mot din ungdoms kvinne!
16 Den som får uvilje mot henne og sender henne bort,seier Herren, Israels Gud,skitnar til kleda sine med vald,seier Herren over hærskarane.Så vakta vel dykkar ånd!Ver ikkje trulause.