3 Sjå, eg trugar ætta dykkar!Slakteavfall frå festane dykkarkastar eg i andletet på dykk,og saman med det skal de berast bort.
4 Då skal de kjenna at det er egsom har sendt dykk dette bodet,så mi pakt med Levi kan stå ved lag,seier Herren over hærskarane.
5 Mi pakt med han var liv og fredsom eg gav han.Han skulle ha ærefrykt for megog skjelva for namnet mitt.
6 Sann rettleiing var i hans munn,det fanst ikkje svik på leppene.I fred og rettferd vandra han med megog fekk mange til å venda om frå skuld.
7 For prestens lepper tek vare på kunnskap,rettleiing skal ein søkja frå hans munn.For han er sendebod frå Herren over hærskarane.
8 Men de har bøygd av frå vegen.De har gjeve slik rettleiing at mange har snubla.De har brote Levi-pakta,seier Herren over hærskarane.
9 Difor gjer eg dykk ynkelegeog forakta av heile folket,for de følgjer ikkje mine vegar,men gjer skil på folknår de rettleier.