1 Sjå, eg sender min bodberar,han skal rydda veg for meg.Brått kjem han til sitt tempel,Herren som de søkjer,og bodberaren for pakta,han som de lengtar etter,sjå, han kjem,seier Herren over hærskarane.
2 Men kven kan tola den dagen han kjem,kven kan stå seg når han syner seg?For han er lik elden til smeltaren,lik luten til vaskarane.
3 Han skal sitja og smelta og reinsa sølvet.Han skal reinsa levittane,lutra dei som gull og sølv,så dei kan bera fram for Herrenoffer på rett vis.
4 Då skal offera frå Juda og Jerusalemvera til glede for Herrensom i gamle dagar, i tidlege år.
5 Eg kjem til dykk og held dom.Eg skundar meg å vera vitnemot dei som driv med trolldom,mot dei som bryt ekteskapet,mot dei som sver falskt,mot dei som held att løna for dagarbeidaren,mot dei som undertrykkjer enkjer og farlauseog avviser innflyttaren,og som ikkje fryktar meg,seier Herren over hærskarane.
6 Eg, Herren, har ikkje forandra meg,og de, Jakobs søner, har ikkje gått til grunne.
7 Heilt frå dykkar fedrars dagarhar de vike av frå mine forskrifterog ikkje halde dei.Vend attende til meg,så skal eg venda meg mot dykk,seier Herren over hærskarane.Men de seier: «Korleis skal vi venda attende?»