8 Kan eit menneske stela noko frå Gud?De stel frå meg, men seier:«Kva er det vi har stole frå deg?»Tienda og offergåvene!
9 Under forbanning er de,de stel frå meg,heile folket!
10 Kom med heile tienda til forrådskammeretså det finst mat i mitt hus.Prøv meg på denne måten,seier Herren over hærskarane.Eg skal sanneleg opna himmelens sluserog ausa ut over dykkvelsigning utan mål.
11 Dei som et opp, skal eg skremma bort frå dykk,så dei ikkje øydelegg grøda på åkerenog vinstokkane på marka ikkje kastar frukta,seier Herren over hærskarane.
12 Då skal alle folkeslag prisa dykk sæle,for de har eit ettertrakta land,seier Herren over hærskarane.
13 De talar harde ord mot meg, seier Herren.Og likevel seier de:«Kva er det vi har sagt mot deg?»
14 De seier: «Det er nyttelaust å tena Gud.Kva tener vi påå retta oss etter det han har fastsett,og gå sørgjande fram for Herren over hærskarane?