1 Ord av Nehemja, son til Hakalja.Det var i månaden kislev i det tjuande året, medan eg var i borga Susa.
2 Då kom Hanani, ein av brørne mine, og nokre menn frå Juda. Eg spurde dei ut om dei judearane som hadde sloppe unna fangenskapet, og om Jerusalem.
3 Dei svara: «Dei som har sloppe unna fangenskapet der i provinsen, er i stor ulukke og vanære. Muren kring Jerusalem er nedbroten, og portane er brende.»
4 Då eg høyrde dette, sette eg meg ned og gret. Eg sørgde i fleire dagar. Eg fasta og bad til himmelens Gud.
5 Eg sa: Å, Herre, himmelens Gud, du store og skremmande Gud, som held pakta og viser kjærleik mot alle som elskar deg og held dine bod!
6 Lat øyret ditt lytta og auga dine vera opne så du høyrer din tenars bøn som eg bed til deg no, både dag og natt, for israelittane, dine tenarar. Eg sannar syndene som vi israelittar har gjort mot deg. Eg og farshuset mitt har òg synda.
7 Vi har handla ille mot deg og ikkje halde dei bod, forskrifter og lover som du gav Moses, tenaren din.