1 Øvstepresten Eljasjib og brørne hans, prestane, gjekk i gang med å byggja Saueporten. Dei helga han og sette inn dørene. Deretter helga dei muren heilt til Hundretårnet og Hananel-tårnet.
2 Jamsides dei bygde mennene frå Jeriko, og jamsides dei bygde Sakkur, son til Imri.
3 Fiskeporten vart bygd av etterkomarane til Senaa. Dei tømra han opp og sette inn dører med boltar og bommar.
4 Jamsides dei arbeidde Meremot, son til Uria, son til Hakkos, og jamsides dei Mesjullam, son til Berekja, son til Mesjesabel, og jamsides dei Sadok, son til Baana.
5 Jamsides dei arbeidde mennene frå Tekoa, men dei fremste blant dei ville ikkje bøya nakken i arbeid for herrane sine.
6 Gamleporten vart reparert av Jojada, son til Paseah, og av Mesjullam, son til Besodja. Dei tømra han opp og sette inn dører med boltar og bommar.
7 Jamsides dei arbeidde Melatja frå Gibeon, Jadon frå Meronot og menn frå Gibeon og Mispa, som var sete for statthaldaren i provinsen Bortanfor Eufrat.
8 Jamsides dei arbeidde Ussiel, son til Harhaja, ein av gullsmedane, og jamsides han arbeidde Hananja, ein av salvemakarane. Dei bygde opp att Jerusalem heilt fram til Den breie muren.
9 Jamsides dei arbeidde Refaja, son til Hur. Han var leiar for halvparten av Jerusalem-området.
10 Jamsides dei arbeidde Jedaja, son til Harumaf, rett ved sitt eige hus, og jamsides han arbeidde Hattusj, son til Hasjabneja.
11 Omnstårnet og ein annan del av muren vart reparerte av Malkia, son til Harim, og av Hasjub, son til Pahat-Moab.
12 Jamsides han arbeidde Sjallum, son til Hallohesj, som var leiar for den andre halvparten av Jerusalem-området, og døtrene hans.
13 Dalporten vart reparert av Hanun og innbyggjarane i Sanoah. Dei bygde han opp att og sette inn dører med boltar og bommar. Dei reparerte òg tusen alner på muren heilt til Møkkporten.
14 Møkkporten vart reparert av Malkia, son til Rekab, leiaren for Bet-Hakkerem-området. Han bygde opp att porten og sette inn dører med boltar og bommar.
15 Sjallun, son til Kol-Hose, leiaren for Mispa-området, reparerte Kjeldeporten. Han bygde han opp att, la tak på han og sette inn dører med boltar og bommar. Han reparerte òg muren ved Sjelah-dammen, nær kongshagen, og bort til trappene ned frå Davidsbyen.
16 Deretter arbeidde Nehemja, son til Asbuk, som var leiar for halvparten av Bet-Sur-området. Han reparerte muren fram til Davids-gravene og til den kunstige dammen og krigarane sitt hus.
17 Etter han arbeidde levittane, Rehum, son til Bani, og ved sida av han arbeidde Hasjabja for sitt område. Han var leiar for halvparten av Ke'ila-området.
18 Etter dei arbeidde brørne deira, Bavvai, son til Henadad, leiaren for den andre halvparten av Ke'ila-området,
19 og jamsides han arbeidde Eser, son til Jesjua, leiaren for Mispa, på ein annan del rett imot oppgangen til våpenlageret i murvinkelen.
20 Etter han arbeidde Baruk, son til Sabbai, med stor iver på ein annan del, frå hjørnet og fram til inngangen til huset åt øvstepresten Eljasjib.
21 Etter han arbeidde Meremot, son til Uria, son til Hakkos, på ein annan del, frå inngangen til Eljasjibs hus og til enden av huset.
22 Etter han arbeidde prestane som budde i nærleiken.
23 Etter dei arbeidde Benjamin og Hasjub rett ved sine eigne hus. Etter han arbeidde Asarja, son til Maaseja, son til Ananja, attmed sitt eige hus.
24 Etter han arbeidde Binnui, son til Henadad, på ein annan del, frå Asarja sitt hus til murvinkelen og hjørnet.
25 Palal, son til Usai, arbeidde like ved hjørnet og det øvre tårnet som stikk fram frå kongeborga, det som høyrer til vaktgarden. Etter han arbeidde Pedaja, son til Parosj, og
26 tempeltenarane som budde på Ofel, heilt til eit punkt rett ved Vassporten i aust og tårnet som stakk fram.
27 Etter dei arbeidde mennene frå Tekoa på ein annan del, frå plassen framfor det store tårnet som stakk fram, og til Ofel-muren.
28 Ovanfor Hesteporten arbeidde prestane framfor kvart sitt hus.
29 Etter dei arbeidde Sadok, son til Immer, på den andre sida av huset sitt. Og etter han arbeidde Sjemaja, son til Sjekanja, som vakta Austporten.
30 Etter han arbeidde Hananja, son til Sjelemja, og Hanun, den sjette sonen til Salaf, på ein annan del. Etter han arbeidde Mesjullam, son til Berekja, framfor sitt eige rom.
31 Etter han arbeidde Malkia, ein av gullsmedane, heilt fram til huset til tempeltenarane og handelsmennene framfor Mønstringsporten, til det øvre hjørnet.
32 Og mellom det øvre hjørnet og Saueporten arbeidde gullsmedane og handelsmennene.