1 Leiarane for folket busette seg i Jerusalem. Resten av folket kasta lodd om kvar dei skulle bu. Ein av ti skulle bu i Jerusalem, den heilage byen, medan dei andre ni slo seg ned i dei andre byane.
2 Og folket velsigna alle dei som var villige til å busetja seg i Jerusalem.
3 Dette er leiarane i provinsen, dei som budde i Jerusalem og i Juda-byane. Kvar mann budde på sin eigedom i byane, både israelittar, prestar, levittar, tempeltenarar og etterkomarar av Salomos tenarar.
4 I Jerusalem budde nokre av judearane og benjaminittane.Av judearane: Ataja, son til Ussia, son til Sakarja, son til Amarja, son til Sjefatja, som var son til Mahalalel, ein av etterkomarane av Peres,
5 og Maaseja, son til Baruk, son til Kol-Hose, son til Hasaja, son til Adaja, son til Jojarib, som var son til Sakarja, ein etterkomar av sjelanittane.
6 I Jerusalem budde det til saman 468 våpenføre menn som var etterkomarar av Peres.
7 Dette var benjaminittane: Sallu, son til Mesjullam, son til Joed, son til Pedaja, son til Kolaja, son til Maaseja, son til Itiel, som var son til Jesaja,