17 Mattanja, son til Mika, son til Sabdi, son til Asaf, som leidde lovsongen og var forsongar under bøna, Bakbukja, ein av brørne som var nestleiar, og Abda, son til Sjammua, son til Galal, son til Jeditun.
18 Levittane i den heilage byen var til saman 284.
19 Av portvaktene: Akkub, Talmon og brørne deira, som heldt vakt ved portane, til saman 172.
20 Resten av israelittane, prestane og levittane budde i alle byane i Juda, kvar på sin eigedom.
21 Tempeltenarane budde på Ofel. Siha og Gisjpa hadde tilsyn med dei.
22 Tilsynsmann for levittane i Jerusalem var Ussi, son til Bani, son til Hasjabja, son til Mattanja, son til Mika, ein av etterkomarane av Asaf, dei som song. Han stod for arbeidet i Guds hus.
23 Det var ei kongeleg ordning for songarane som fastsette kva dei skulle gjera kvar dag.