5 og Maaseja, son til Baruk, son til Kol-Hose, son til Hasaja, son til Adaja, son til Jojarib, som var son til Sakarja, ein etterkomar av sjelanittane.
6 I Jerusalem budde det til saman 468 våpenføre menn som var etterkomarar av Peres.
7 Dette var benjaminittane: Sallu, son til Mesjullam, son til Joed, son til Pedaja, son til Kolaja, son til Maaseja, son til Itiel, som var son til Jesaja,
8 og etter han Gabbai og Sallai, til saman 928.
9 Joel, son til Sikri, var tilsynsmannen deira, og Juda, son til Hassenua, var den nest øvste leiaren i byen.
10 Av prestane: Jedaja, son til Jojarib, Jakin,
11 Seraja, son til Hilkia, son til Mesjullam, son til Sadok, son til Merajot, som var son til Ahitub, leiaren for Guds hus,