26 Alle desse levde samtidig med Jojakim, son til Josva, son til Josadak, og samtidig med statthaldaren Nehemja og presten Esra, den skriftlærde.
27 Då muren omkring Jerusalem skulle innviast, bad dei levittane frå alle stader koma til Jerusalem for å feira vigsla med glede og takk, med song og symbalar, harper og lyrer.
28 Songarane samla seg. Dei kom frå områda rundt Jerusalem og frå landsbyane til Netofa-slekta,
29 frå Bet-Haggilgal og frå markene ved Geba og Asmavet. For songarane hadde bygd seg landsbyar rundt Jerusalem.
30 Prestane og levittane reinsa seg sjølve, så reinsa dei folket, portane og muren.
31 Eg lét leiarane i Juda stiga opp på muren og stilte så opp to store takkekor. Det eine gjekk til høgre på muren mot Møkkporten.
32 Etter dei følgde Hosjaja og halvparten av leiarane i Juda,