36 og brørne hans, Sjemaja, Asarel, Milalai, Gilalai, Maai, Netanel, Juda og Hanani, med musikkinstrumenta til David, Guds mann, og Esra, den skriftlærde, som gjekk føre dei.
37 Dei gjekk over til Kjeldeporten og opp trappene til Davidsbyen, til trappa der muren går opp til Davids hus, og fram til Vassporten i aust.
38 Det andre takkekoret gjekk motsett veg, og eg følgde etter saman med halvparten av folket oppe på muren, forbi Omnstårnet og heilt til Den breie muren,
39 forbi Efraim-porten, Gamleporten, Fiskeporten, Hananel-tårnet og Hundretårnet, til Saueporten. Dei stansa ved Vaktporten.
40 Begge takkekora vart ståande ved Guds hus. Det same gjorde eg og halvparten av stormennene med meg,
41 vidare prestane Eljakim, Maaseja, Minjamin, Mikaja, Eljoenai, Sakarja og Hananja med trompetar,
42 Maaseja, Sjemaja, Elasar, Ussi, Johanan, Malkia, Elam og Eser. Songarane stemde i under leiing av Jisrahja.