1 Denne dagen vart det lese opp frå Moseboka for øyra til folket. Der stod det skrive at ingen ammonitt eller moabitt nokon gong måtte koma inn i Guds forsamling.
2 For dei møtte ikkje israelittane med brød og vatn, og dei leigde Bileam til å forbanna dei; men vår Gud vende forbanninga om til velsigning.
3 Då dei no høyrde det som stod i lova, skilde dei alle av blanda opphav ut frå Israel.
4 Ei tid før dette hende, hadde presten Eljasjib, ein slektning av Tobia, fått tilsyn med romma i Guds hus.
5 Han gjorde i stand eit stort rom til Tobia der dei tidlegare hadde lagt inn grødeofferet, røykjelsen, tempelutstyret og tienda av korn, ny vin og fin olje, etter påbodet frå levittane, songarane og portvaktene. Gåvene til prestane var òg lagra der.
6 Medan alt dette skjedde, var eg ikkje i Jerusalem. For i det trettiandre året Artaxerxes var konge i Babel, hadde eg reist til han. Etter ei tid bad eg kongen om lov til å fara attende.