13 Eg sette presten Sjelemja, Sadok, den skriftlærde, og Pedaja, ein av levittane, til å ha tilsyn med lagerromma, og gav dei Hanan, son til Sakkur, son til Mattanja, til hjelp. For dei vart rekna for å vera pålitelege. No skulle dei sørgja for at brørne deira fekk sin del.
14 Kom meg i hug, min Gud, for dette! Stryk ikkje ut det gode som eg har gjort for min Guds hus og for tenesta der.
15 I dei dagane såg eg i Juda nokre som trakka vinpressene på sabbaten. Eg såg andre som samla korn i mengder og leste det på esel. Dei kom òg med vin, druer, fiken og andre varer til Jerusalem på sabbaten. Eg åtvara dei mot å selja mat på denne dagen.
16 Nokre frå Tyros som budde i Jerusalem, kom òg med fisk og alle slags varer og selde det til judearane på sabbaten.
17 Då refsa eg dei fremste blant judearane og sa til dei: «Kva er dette vonde som de gjer? De vanhelgar sabbaten!
18 Var det ikkje fordi fedrane gjorde slikt at vår Gud førte alt dette vonde over oss og denne byen? De aukar vreiden mot Israel når de vanhelgar sabbaten!»
19 Då det tok til å mørkna i Jerusalems portar før sabbaten, sa eg at dørene skulle stengjast, og at dei ikkje skulle opnast att før sabbaten var over. Eg sette òg nokre av mennene mine ved portane, slik at inga last kunne koma inn på sabbatsdagen.