15 I dei dagane såg eg i Juda nokre som trakka vinpressene på sabbaten. Eg såg andre som samla korn i mengder og leste det på esel. Dei kom òg med vin, druer, fiken og andre varer til Jerusalem på sabbaten. Eg åtvara dei mot å selja mat på denne dagen.
16 Nokre frå Tyros som budde i Jerusalem, kom òg med fisk og alle slags varer og selde det til judearane på sabbaten.
17 Då refsa eg dei fremste blant judearane og sa til dei: «Kva er dette vonde som de gjer? De vanhelgar sabbaten!
18 Var det ikkje fordi fedrane gjorde slikt at vår Gud førte alt dette vonde over oss og denne byen? De aukar vreiden mot Israel når de vanhelgar sabbaten!»
19 Då det tok til å mørkna i Jerusalems portar før sabbaten, sa eg at dørene skulle stengjast, og at dei ikkje skulle opnast att før sabbaten var over. Eg sette òg nokre av mennene mine ved portane, slik at inga last kunne koma inn på sabbatsdagen.
20 Ein eller to gonger hende det at kjøpmenn og folk som handla med alle slags varer, overnatta utanfor Jerusalem.
21 Eg åtvara dei og sa: «Kvifor overnattar de ved muren? Gjer de det ein gong til, legg eg hand på dykk.» Etter den tid kom dei ikkje meir dit på sabbaten.