18 Var det ikkje fordi fedrane gjorde slikt at vår Gud førte alt dette vonde over oss og denne byen? De aukar vreiden mot Israel når de vanhelgar sabbaten!»
19 Då det tok til å mørkna i Jerusalems portar før sabbaten, sa eg at dørene skulle stengjast, og at dei ikkje skulle opnast att før sabbaten var over. Eg sette òg nokre av mennene mine ved portane, slik at inga last kunne koma inn på sabbatsdagen.
20 Ein eller to gonger hende det at kjøpmenn og folk som handla med alle slags varer, overnatta utanfor Jerusalem.
21 Eg åtvara dei og sa: «Kvifor overnattar de ved muren? Gjer de det ein gong til, legg eg hand på dykk.» Etter den tid kom dei ikkje meir dit på sabbaten.
22 Sidan sa eg at levittane skulle reinsa seg og koma og halda vakt ved portane, så sabbatsdagen kunne haldast heilag. Kom meg òg i hug for dette, min Gud, og skån meg i di store miskunn!
23 I dei dagane såg eg òg at nokre judearar hadde teke til seg kvinner frå Asjdod, Ammon og Moab.
24 Halvparten av borna deira snakka språket i Asjdod eller språket til dei andre folka. Dei kunne ikkje snakka judeisk.