27 Skal ein no høyra om dykk òg at de gjer så mykje vondt og er trulause mot vår Gud ved å ta til dykk framande kvinner?»
28 Ein av sønene til Jojada, son til øvstepresten Eljasjib, var svigerson til horonitten Sanballat. Difor jaga eg han bort.
29 Hugs dei, min Gud, for dei har sølt til presteskapet og preste- og levittpakta.
30 Så reinsa eg dei for alt framandt, og eg fastsette tenester for prestane og levittane, kvar mann med sine arbeidsoppgåver.
31 Eg sa òg når dei skulle koma med vedoffer og med førstegrøda, alt til fastsette tider. Kom meg i hug, min Gud, og rekna meg dette til gode!