8 Eg vart svært opprørt og kasta alle eigedelane til Tobia ut av rommet.
9 Så sa eg at dei skulle reinsa rommet, og eg førte tilbake utstyret frå Guds hus, grødeofferet og røykjelsen.
10 Eg fekk òg vita at levittane ikkje hadde fått det dei skulle ha, og at dei difor hadde fare attende, kvar til sine marker, både dei og songarane som skulle gjera teneste.
11 Eg refsa stormennene og spurde: «Kvifor har Guds hus vorte forlate?» Så samla eg levittane og sette dei inn att i stillingane sine.
12 Sidan kom heile Juda med tienda av korn, ny vin og fin olje til lagera.
13 Eg sette presten Sjelemja, Sadok, den skriftlærde, og Pedaja, ein av levittane, til å ha tilsyn med lagerromma, og gav dei Hanan, son til Sakkur, son til Mattanja, til hjelp. For dei vart rekna for å vera pålitelege. No skulle dei sørgja for at brørne deira fekk sin del.
14 Kom meg i hug, min Gud, for dette! Stryk ikkje ut det gode som eg har gjort for min Guds hus og for tenesta der.