1 Det var i månaden nisan i det tjuande året til kong Artaxerxes. Eg tok vinen som stod framfor kongen, og gav han. Han hadde aldri før sett meg nedtrykt.
2 Kongen sa til meg: «Kvifor ser du så nedtrykt ut? Du er då ikkje sjuk? Dette kan ikkje vera anna enn hjartesorg.» Eg vart svært redd
3 og sa til kongen: «Lenge leve kongen! Skulle eg ikkje sjå nedtrykt ut når byen der fedrane mine er gravlagde, ligg aud og portane er herja av eld?»
4 Kongen sa til meg: «Kva ønskjer du?» Eg bad til himmelens Gud.