17 Men no sa eg til dei: «De ser kor ille vi har det her. Jerusalem ligg i ruinar, og portane er brende. Kom, lat oss byggja opp att muren kring Jerusalem, så vi ikkje lenger må leva i vanære.»
18 Eg fortalde dei òg korleis Gud heldt si gode hand over meg, og kva kongen hadde sagt til meg. Då sa dei: «Lat oss gå i gang med å byggja!» Og dei tok fatt på det gode verket.
19 Då horonitten Sanballat, ammonitten Tobia, tenestemannen, og arabaren Gesjem høyrde dette, spotta og hånte dei oss. Dei sa: «Kva er det de held på med? Gjer de opprør mot kongen?»
20 Eg svara dei: «Himmelens Gud vil la oss lukkast. Vi, tenarane hans, skal gå i gang med å byggja. Men de har ingen del, ingen rett og inga historie i Jerusalem.»