5 Så sa eg til kongen: «Om kongen finn det for godt og han synest godt om tenaren sin, så send meg til Juda, til byen der fedrane mine er gravlagde, så eg kan byggja han opp att.»
6 Då spurde kongen meg, medan dronninga sat attmed han: «Kor lenge kjem reisa di til å vara, og når kjem du att?» Kongen godtok tida eg nemnde, og sende meg av stad.
7 Eg sa til han: «Om kongen finn det for godt, så send med meg brev til statthaldarane i provinsen Bortanfor Eufrat, så dei lèt meg fara gjennom til eg kjem til Juda,
8 og også eit brev til Asaf, vaktaren for kongens parkar, slik at han gjev meg tømmer til bjelkar i portane i tempelborga, til bymuren og til huset eg skal bu i.» Kongen gjorde dette, for min Gud heldt si gode hand over meg.
9 Eg kom til statthaldarane i provinsen Bortanfor Eufrat og gav dei breva frå kongen. Kongen hadde sendt med meg hærførarar og ryttarar.
10 Horonitten Sanballat og ammonitten Tobia, tenestemannen, fekk høyra dette. Dei tok det ille opp at det hadde kome ein mann som ville israelittane vel.
11 Så kom eg til Jerusalem. Då eg hadde vore der i tre dagar,