7 Eg sa til han: «Om kongen finn det for godt, så send med meg brev til statthaldarane i provinsen Bortanfor Eufrat, så dei lèt meg fara gjennom til eg kjem til Juda,
8 og også eit brev til Asaf, vaktaren for kongens parkar, slik at han gjev meg tømmer til bjelkar i portane i tempelborga, til bymuren og til huset eg skal bu i.» Kongen gjorde dette, for min Gud heldt si gode hand over meg.
9 Eg kom til statthaldarane i provinsen Bortanfor Eufrat og gav dei breva frå kongen. Kongen hadde sendt med meg hærførarar og ryttarar.
10 Horonitten Sanballat og ammonitten Tobia, tenestemannen, fekk høyra dette. Dei tok det ille opp at det hadde kome ein mann som ville israelittane vel.
11 Så kom eg til Jerusalem. Då eg hadde vore der i tre dagar,
12 tok eg ut om natta saman med nokre få menn. Eg hadde ikkje fortalt noko menneske kva min Gud hadde lagt meg på hjartet å gjera for Jerusalem. Eg hadde ikkje med meg andre dyr enn det eg reid på.
13 Eg drog ut gjennom Dalporten om natta, forbi Drakekjelda og til Møkkporten. Eg inspiserte Jerusalems murar, som var nedbrotne, og portane som var herja av eld.