4 «Høyr, vår Gud, korleis vi blir hånte! Lat spotten koma att over deira eigne hovud. Lat dei bli plyndra og førte som fangar til framandt land!
5 Dekk ikkje over skulda deira, og lat ikkje synda bli viska ut for ditt andlet. Dei har krenkt bygningsmennene.»
6 Så bygde vi opp att muren i halv høgd heilt rundt, og folket la hjartet sitt i arbeidet.
7 Då Sanballat, Tobia, arabarane, ammonittane og asjdodittane fekk høyra at gjenreisinga av murane omkring Jerusalem gjekk framover, og at rivnene no var i ferd med å fyllast, vart dei rasande.
8 Alle slo seg saman for å gå til krig mot Jerusalem og skapa forvirring der.
9 Men vi bad til vår Gud og sette vakt på murane både dag og natt for å halda dei borte.
10 Då sa dei i Juda: «Dei som ber, har ikkje meir krefter. Det er for mykje grus. Vi maktar ikkje å byggja muren.»