7 Då Sanballat, Tobia, arabarane, ammonittane og asjdodittane fekk høyra at gjenreisinga av murane omkring Jerusalem gjekk framover, og at rivnene no var i ferd med å fyllast, vart dei rasande.
8 Alle slo seg saman for å gå til krig mot Jerusalem og skapa forvirring der.
9 Men vi bad til vår Gud og sette vakt på murane både dag og natt for å halda dei borte.
10 Då sa dei i Juda: «Dei som ber, har ikkje meir krefter. Det er for mykje grus. Vi maktar ikkje å byggja muren.»
11 Og motstandarane våre sa: «Før dei veit om det eller legg merke til det, skal vi vera blant dei, drepa dei og gjera slutt på arbeidet.»
12 Når judearane som budde nær dei, kom til oss, sa dei gong på gong: «Dei kjem imot oss frå alle kantar.»
13 Så lét eg folket stilla seg opp på dei lågaste stadene bak muren, på dei opne plassane. Eg lét dei stilla seg opp slekt for slekt med sverd, spyd og bogar.