5 Vi er av same kjøt og blod som brørne våre, våre born er som deira born. Likevel må vi tvinga sønene og døtrene våre til slaveri. Ja, nokre av døtrene våre er alt slavar. Men vi er maktlause, for åkrane og vinmarkene våre høyrer andre til.»
6 Då eg høyrde klageropa og det dei fortalde, vart eg svært sint.
7 Men hjartet mitt gav meg råd, og eg refsa dei fremste og stormennene og sa til dei: «Krev de inn noko de har lånt ut til dykkar eigne brør?» Så kalla eg inn til eit folkemøte om dette.
8 Eg sa til dei: «Vi har, så langt vi kunne, kjøpt ut brørne våre, judearane, som var selde til andre folk. Men de sel dykkar eigne brør, så vi må kjøpa dei fri att.» Dei vart stumme og fann ikkje ord.
9 Så sa eg: «Det er ikkje rett, det de gjer. Burde de ikkje heller ferdast i frykt for vår Gud, så dei andre folka, fiendane våre, ikkje skal spotta oss?
10 Eg, brørne mine og tenestefolka mine har òg lånt dei pengar og korn. Lat oss sletta desse låna!
11 Lat dei i dag få att åkrane, vinmarkene, olivenlundane og husa sine, og ettergjev dei det dei skuldar i pengar, korn, ny vin og fin olje som de har lånt dei.»