9 Så sa eg: «Det er ikkje rett, det de gjer. Burde de ikkje heller ferdast i frykt for vår Gud, så dei andre folka, fiendane våre, ikkje skal spotta oss?
10 Eg, brørne mine og tenestefolka mine har òg lånt dei pengar og korn. Lat oss sletta desse låna!
11 Lat dei i dag få att åkrane, vinmarkene, olivenlundane og husa sine, og ettergjev dei det dei skuldar i pengar, korn, ny vin og fin olje som de har lånt dei.»
12 Dei svara: «Vi skal gje tilbake og ikkje krevja inn noko frå dei. Vi skal gjera som du seier.» Eg kalla på prestane og bad dei sverja på dette.
13 Så riste eg ut brystfalden på kappa mi og sa: «Måtte Gud slik rista ut frå hus og eigedom den som ikkje held dette ordet, måtte han bli rista og tømd ut.» Heile forsamlinga sa «amen», og dei prisa Herren. Sidan gjorde folket det dei hadde lova.
14 Frå den dagen kong Artaxerxes sette meg til statthaldar i landet Juda, i dei tolv åra frå det tjuande til det trettiandre styringsåret hans, åt korkje eg eller mine folk statthaldaren sitt brød.
15 Dei som var statthaldarar før meg, hadde lagt ei stor bør på folket. Dei tok førti sjekel sølv om dagen til brød og vin. Også mennene deira var harde mot folket. Men eg gjorde ikkje slikt, for eg frykta Gud.