10 Då gjekk eg inn i huset til Sjemaja, son til Delaja, son til Mehetabel, som måtte halda seg heime. Han sa: «Lat oss møtast i Guds hus, midt i tempelet. Lat oss låsa dørene der, for dei kjem til å drepa deg om natta.»
11 Eg svara: «Skulle ein mann som eg rømma? Og skulle ein som eg gå inn i tempelet og framleis leva? Nei, eg går ikkje inn.»
12 For eg skjøna at det ikkje var Gud som hadde sendt han. Han tala profetord om meg fordi Tobia og Sanballat hadde betalt han.
13 Han hadde fått betaling for at eg skulle bli skremd til å gjera som han ville, og synda. Slik ville eg få eit dårleg namn og bli til spott.
14 Min Gud, hugs Tobia og Sanballat for det dei har gjort, og profetkvinna Noadja og dei andre profetane som ville skremma meg.
15 Muren var ferdig den tjuefemte dagen i månaden elul, etter femtito dagar.
16 Alle fiendane våre fekk høyra det, og alle folkeslaga omkring oss fekk sjå det. Då innsåg dei kva som hadde hendt, og skjøna at arbeidet var fullført med hjelp frå vår Gud.