2 Då sende Sanballat og Gesjem bod til meg: «Kom, lat oss møtast i Hakkefirim i Ono-dalen.» Dei hadde tenkt å skada meg.
3 Eg sende bodberarar til dei med svaret: «Eg held på med eit stort arbeid og kan ikkje koma. Arbeidet ville stansa dersom eg går frå det og dreg ned til dykk.»
4 Fire gonger sende dei same bodet, og kvar gong gav eg same svaret.
5 Sanballat sende tenaren sin til meg med det same bodet ein femte gong, no med eit ope brev i handa.
6 Der stod det skrive: «Folkeslaga har fått høyra, og Gesjem stadfester det, at du og judearane tenkjer på å gjera opprør, og at det er difor du byggjer muren. Det blir sagt at du vil vera kongen deira.
7 Du skal jamvel ha sett profetar til å ropa om deg i Jerusalem: ‘Ein konge i Juda!’ Dette vil kongen no få høyra. Kom difor og lat oss rådslå om saka!»
8 Men eg gav dette svaret: «Ingenting av det du talar om, har hendt. Dette er noko du sjølv har funne på.»