5 Sanballat sende tenaren sin til meg med det same bodet ein femte gong, no med eit ope brev i handa.
6 Der stod det skrive: «Folkeslaga har fått høyra, og Gesjem stadfester det, at du og judearane tenkjer på å gjera opprør, og at det er difor du byggjer muren. Det blir sagt at du vil vera kongen deira.
7 Du skal jamvel ha sett profetar til å ropa om deg i Jerusalem: ‘Ein konge i Juda!’ Dette vil kongen no få høyra. Kom difor og lat oss rådslå om saka!»
8 Men eg gav dette svaret: «Ingenting av det du talar om, har hendt. Dette er noko du sjølv har funne på.»
9 For alle ville skremma oss. Dei sa: «Dei kjem til å mista motet, og arbeidet vil ikkje bli gjort.» – Og no, styrk hendene mine!
10 Då gjekk eg inn i huset til Sjemaja, son til Delaja, son til Mehetabel, som måtte halda seg heime. Han sa: «Lat oss møtast i Guds hus, midt i tempelet. Lat oss låsa dørene der, for dei kjem til å drepa deg om natta.»
11 Eg svara: «Skulle ein mann som eg rømma? Og skulle ein som eg gå inn i tempelet og framleis leva? Nei, eg går ikkje inn.»