3 Eg sa til dei: «Portane i Jerusalem skal ikkje opnast før sola byrjar å verma, og medan dei enno står vakt, skal dørene stengjast og låsast. Set dei som bur i Jerusalem, til å halda vakt, somme på dei ulike postane og somme utanfor sine eigne hus.»
4 Byen var vid og stor, men folket der var fåtalig, og husa var enno ikkje gjenreiste.
5 Min Gud la meg på hjartet å samla leiarane, stormennene og heile folket for å registrera dei. Eg fann då slektsregistra over dei som hadde drege opp tidlegare, og der stod det skrive:
6 Dette er mennene frå provinsen Juda som drog tilbake frå fangenskapet i eksil. Kong Nebukadnesar av Babel hadde ført dei dit, og no hadde dei vendt attende til Jerusalem og Juda, kvar til sin by.
7 Dei kom saman med Serubabel, Josva, Nehemja, Asarja, Raamja, Nahamani, Mordekai, Bilsjan, Misperet, Bigvai, Nehum og Baana.Dette er talet på mennene frå Israelsfolket:
8 etterkomarar av Parosj 2172,
9 av Sjefatja 372,