64 Dei leita etter slektsregistra sine, men fann dei ikkje. Difor vart dei rekna for uverdige til prestetenesta.
65 Statthaldaren forbaud dei å eta av det høgheilage til det stod fram ein prest med urim og tummim.
66 Heile forsamlinga var i alt 42 360.
67 I tillegg kom dei 7337 mannlege og kvinnelege slavane, dessutan 245 mannlege og kvinnelege songarar.
68 {{Dei hadde 736 hestar, 245 muldyr,}}
69 435 kamelar og 6720 esel.
70 Nokre leiarar for familiar gav til arbeidet. Statthaldaren gav 1000 gulldrakmar, 50 offerskåler og 530 prestedrakter til arbeidsfondet.